lørdag 13. juni 2015

Nedteljing





Sol, bad og varme ventar på oss i sydlegare strøk. Vi gler oss til å reise sørover til "vår andre heim". Her på vestlandet lyt sommaren vente på seg, men fint er det likevel med lange og lyse kveldar. For ei herleg årstid sommaren er, uansett fint veir eller ikkje. 

tirsdag 9. juni 2015

Detaljar










Ein smule opphengt i dei. Detaljane. Både til frustrasjon og glede. Glede over å fryde seg over små ubetydelege ting i kvardagen. Frustrasjon når detaljane ikkje stemmer. 


lørdag 6. juni 2015

Spisekrok




På kjøkkenet har vi sidan sist gjort nokre små endringar. Det store spisebordet er bytta ut med eit mindre rundt bord. Likar å sitje rundt eit slikt bord. Etter å ha vore på utkikk etter det "perfekte" bord lenge, kom eg over dette bordet i ein container. Kvardagslykka var stor! Opprinnleg var bordet i eik, men etter å ha pussa og behandla bordet fekk eg ikkje bordplata slik eg hadde tenkt. Grå gulvmaling vart istaden redninga. No står det att å male dei tre ileggsplatene som også følgde med bordet. Stas med litt endringar.