onsdag 15. august 2012

Fullt opp...




...for tida, planlegging og kurs på jobb og lisjebror har begynt i barnehagen. Ei spennande tid framover med andre ord. Godt er det å få bruke andre sider av seg sjølv, men eg er spent på korleis kvardagen vert utover hausten. På desse fine sommardagane er det berre å nyte all sol og varme kroppen kan ta til seg, og berre vere - her og no.

Spesielt hyggeleg er det med nye lesarar og ikkje minst at misiverd fekk galleriplass hjå Nib. Berre utruleg mange vakre bidrag og kreative bloggesjelar der ute. Det vert spennande å sjå kven som kjem til finalen i "Kreativ med tekstilar". Håpar de alle får ein fin kveld.

fredag 10. august 2012

Oppbevaring






...av ulike slag er eg skikkelig svak for. Er det noko eg får lyst på når eg er ute å kikkar på butikkar, så er det nettopp korger, krukker, boksar og alt anna der ting og tang kan oppbevarast.  Sjølv om eg likar å tru at eg aldri får nok av praktiske korger, må eg berre innsjå at jo eg har faktisk nok. For ei lita stund iallefall...



tirsdag 7. august 2012

Tekstilar...




...i heimen. Nib har gåande ei utfordring "Kreativ med tekstilar". Eg sleng meg på med desse bilda. Skulle gjerne vore flinkare å bruke tekstilar i heimen, men sykunnskapane er dessverre ikkje mykje å skryte av. Men heldigvis er det hjelp å få med mange sykyndige kvinner i familien. I benken på kjøkenet har vi puter av ulike slag - nokre kjøpt og nokre sydd . Madrassa, som er ekstra lang, har vi fått laga av eit lokalt firma som driv med båtsøm. Alle putetrekka og trekket på madrassa kan takast av og vaskast i maskina, sjølv om det ikkje vert gjort så ofte, er det ganske så praktisk.

Snart i arbeid...





...igjen, og tankane er byrja førebu seg. Eit spannande arbeidsår i vente, lisjebror i barnehage og storebror fullt opptatt med sitt. Sjølv har eg planar om å verte flink til å skrive lister - kjenner fleire som svergar til det for å lempe litt på stresset. No skal eg altså prøve det same - skrive ned alle gjeremål og tankar som svirrar rundt. Då hjelpe det dessutan å ha eit par fine skivebøker å notere alt i, eg trur nemleg listene kan verte temmeleg lange...

mandag 6. august 2012

Favoritten akkurat no...




...er desse lyktene. Likar godt dei gyldne fargane saman med det blanke metallet, det gjer seg i eit ellers lyst interiør. 

onsdag 1. august 2012

Himmelen har flytta...





...til stua og no har lisjebror ein liten plass å gjøyme seg vekk på. Stas var det og eg fekk mykje god hjelp til å legge på plass puter og bamsar. Til underlag tok eg i bruk madrassa til sansegynga og då vart det med eitt godt å sitje under himmelen. Kjekt er det å kunne gjere forandringar utan at det kostar noko.